Andrus Veerpalu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andrus Veerpalu
Remove ads

Andrus Veerpalu (fødd 8. februar 1971) er ein estisk tidlegare langrennsløpar. Veerpalu gjekk for skiklubben Skiclub Joulu, og debuterte i verdscupen 12. desember 1992 i Ramsau.

Kjappe fakta

Andrus Veerpalu vart tildelt Holmenkollmedaljen i 2005.

Remove ads

Dopingsak i 2011

Veerpalu avgav ein positiv dopingprøve under trening i Otepää framfor Ski-VM i Oslo 2011. Han testa positiv for veksthormonet HGH. Då det estiske skiforbundet fekk beskjed om dopingsaka bad dei om at FIS ikkje offentleggjorde noko før etter VM, noko FIS gjekk med på. Veerpalu sende så ut ei pressemelding om at han grunna skade ikkje kunne tevle i VM og at han la opp. Først i april, etter mykje spekulasjonar i estisk media, gjekk det estiske skiforbundet og Veerpalu ut og melde om den positive dopingtesten. Veerpalu nekta for å ha dopa seg, og han og det estiske skiforbundet la fram fleire grunnar til at dei meinte at dopingtesten måtte vere feil. Mellom anna meinte dei at Veerpalu hadde ein mutasjon som gjorde at han hadde mykje høgare naturleg veksthormonnivå i blodet like etter trening enn det andre har. FIS utestengde han likevel frå langrennssporten for tre år. Veerpalu har anka saka inn for CAS.[1]

Remove ads

Merittar

Olympiske Vinterleikar

Ski-VM

Verdscupen

  • 6 sigrar
  • 1 andreplass
  • 3 tredjeplassar

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads