Andy Turner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andy Turner
Remove ads

Andrew Steven Malcolm Turner (fødd 19. september 1980), kjend som Andy Turner, er ein engelsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 110 meter hekk i 2010 og fekk bronse i øvinga både ved EM 2006 og VM 2011.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

I mars 2006 kom Turner på tredjeplassen på korthekken under samveldeleikane i Melbourne, same plassen kom han på ved europameisterskapen i Göteborg i august. To månader føre Göteborg-EM sette han personbeste med 13,38 sekund i eit stemne i Kassel. I forsøksløpet under Friidretts-EM 2007 i Osaka sette Turner personleg rekord med 13,27 sekund, men rauk ut or tevlinga i semifinalane etter eit løp på 13,38.

År 2010 vann Turner gullmedaljen på 110 meter hekk både ved europameisterskapen i Barcelona, og under samveldeleikane i New Delhi. I Barcelona gjorde han årsbeste med tida 13,28. Den 30. juni 2011 sette Turner livsrekord på 110 meter hekk med 13,22 sekund ved eit DL-stemne i Lausanne. Seinare i 2011-sesongen kneip han bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Dageu, på same moderate tid som fjerdemann i løpet, David Oliver frå USA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads