David Oliver
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David Oliver (fødd 24. april 1982) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Denver i delstaten Colorado, som tevla i 110 meter hekk. Han vart verdsmeister i øvinga i 2013, og vann bronsemedaljen under Sommar-OL 2008. Hans personlege rekord på 110 meter hekk er 12,89 sekund og vart oppnådd 16. juli 2010 i Saint-Denis.
Remove ads
Aktiv
I 2007-sesongen sette Oliver personleg rekord med 13,14 sekund, ei tid han nådde to gonger, og han vart tredjemann ved USA-meisterskapen. Året etter vart han nasjonal innandørsmeister på korthekken, før han flytta sitt personbeste til 12,95 sekund då han sigra i uttaket til dei olympiske leikane i Beijing. I den kinesiske hovudstaden sprang han inn til bronsemedalje på tida 13,18, slått av verdsrekordhaldaren Dayron Robles og med eitt hundredels sekund av sin eigen landsmann David Payne. Oliver kom på bronseplassen også ved hall-VM 2010 i Doha.
16. juli 2010 presterte Oliver livsbeste 12,89 sekund då han vann eit DL-stemne i Saint-Denis. Tida var landsrekord i drygt to år, til dess Aries Merritt sette verdsrekord med eit løp på 12,80 sekund. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva presterte Oliver årsbeste i finalen og sikra seg gullmedaljen i øvinga. Sommaren 2015 vart han klokka i mål på tida 12,98 ved DL-stemnet i Saint-Denis, slått med 0,04 sekund av Orlando Ortega. Oliver tok seg til finalen i Beijing-VM 2015, der han enda på sjuandeplass.
Han er fire gonger USA-amerikansk mester på 110 m hekk. Oliver la opp etter 2017-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «David Oliver» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads