Anette Hoffmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anette Hoffmann-Møberg (fødd 5. mai 1971) er ein dansk tidligere handballspelar frå Egvad i Ringkøbing-Skjern kommune. Ho vann to EM-gull og like mange OL-gull, samt eitt VM-gull med Danmark sitt landslag i tida 1994–2000. Hoffmann spelte venstrekant.
Remove ads
Hoffmann var aktiv for Viborg HK frå 1990 til 1997. I denne perioden vart ho seriemeister fire gongar og cupmeister tre gongar, samt vinnar av EHF-cupen 1994. 1997/8-sesongen spelte ho i spanske Corte Blanco Bidebieta. Ho avslutta med spel for Kolding IF fram til ha la opp i 2002.
Åra 1990–2000 deltok Hoffmann i 183 landskampar for Danmark, skåra 641 mål. Ho var med på å vinne europameisterskapen 1994, den olympiske handballturneringa 1996, europameisterskapen 1996, verdsmeisterskapen 1997 og OL-turneringa 2000. Under OL-finalen 2000 i Sydney vart ho toppskårar med 11 fulltreffarar. I 1993 tapte ho og lagkameratane VM-finalen og i 1998 vart det tap i EM-finalen mot Noreg. Hoffmann og Danmark sigra i bronsefinalen ved Handball-VM 1995.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Anette Hoffmann» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads