Handball under Sommar-OL 2000/Kvinner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Handball under Sommar-OL 2000 for kvinner vart avvikla frå 17. september til 1. oktober 2000 i The Dome i Sydney. Ti land deltok i turneringa: Angola, Austerrike, Australia, Brasil, Danmark, Frankrike, Noreg, Romania, Sør-Korea og Ungarn.

Laga var delt inn i to grupper med fem lag i kvar, der alle laga spelte kamp mot kvarandre. Dei fire beste laga frå kvar gruppe avanserte til kvartfinalar. Noreg vann alle sine fire kampar i gruppespelet, slo Romania suverent i kvartfinalen, men rauk 23–28 mot Ungarn i semifinalen.

Remove ads

Gruppespelet

Gruppe A

Meir informasjon #, Lag ...

Gruppe B

Meir informasjon #, Lag ...
Remove ads

Sluttspelet

Kvartfinalar

28. september 2000 Sør-Korea Flagget til Sør-Korea 3524 Flagget til Brasil Brasil The Dome, Sydney

28. september 2000 Austerrike Flagget til Austerrike 2829 (e.e.o.) Flagget til Ungarn Ungarn The Dome, Sydney

28. september 2000 Frankrike Flagget til Frankrike 2628 (e.e.o.) Flagget til Danmark Danmark The Dome, Sydney

28. september 2000 Noreg Flagget til Noreg 2816 Flagget til Romania Romania The Dome, Sydney

Semifinalar

29. september 2000 Sør-Korea Flagget til Sør-Korea 2931 Flagget til Danmark Danmark The Dome, Sydney

29. september 2000 Ungarn Flagget til Ungarn 2823 Flagget til Noreg Noreg The Dome, Sydney

Bronsefinale

1. oktober 2000 Sør-Korea Flagget til Sør-Korea 2122 Flagget til Noreg Noreg The Dome, Sydney
Dommar(ar): Nachevski, Nachevski (MKD)
Oh S-o. 7 (1312) Grini 7
2 minuttars utvising Gult kort Rødt kort etter  minutter 2 minuttars utvising Gult kort Rødt kort etter  minutter

Noreg slo Sør-Korea 22–21 i bronsekampen. Dei norske bronsemedaljørane var Kjersti Grini, flestskårande spelar i heile turneringa med sine 61 nettkjenningar, Heidi Tjugum, Cecilie Leganger, Trine Haltvik, Susann Goksør, Kristine Duvholt, Else Marthe Sørlie, Mia Hundvin, Tonje Larsen, Birgitte Sættem, Marianne Rokne, Monica Sandve, Jeanette Nilsen, Ann Cathrin Eriksen og Elisabeth Hilmo.

Finale

1. oktober 2000 Danmark Flagget til Danmark 3127 Flagget til Ungarn Ungarn The Dome, Sydney
Dommar(ar): Garcia, Moréno (FRA)
Anette Hoffmann 11 (1416) Radulović 9
2 minuttars utvising Gult kort 2 minuttars utvising Gult kort

Finaleoppgjeret stod mellom tittelforsvarar Danmark og Ungarn. Ved pause leia Ungarn 16–14. I den andre omgangen snudde Danmark til 31–27 og firemålstriumf.

Flest mål i kampen skåra danske Anette Hoffmann (11), elles skåra Camilla Andersen (7), kapteinen Janne Kolling og Katrine Fruelund, begge 5, samt Mette Vestergaard, Tina Bøttzau og Lotte Kiærskou kvar sitt mål for Danmark. Karen Brødsgaard og Tonje Kjærgård kom ikkje på skåringslista. Karin Mortensen, Lene Rantala og Rikke Schmidt var målvakter.

Med sine 9 fulltreffarar vart Bojana Radulović toppskårar for Ungarn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads