Angola Avante

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Angola Avante (‘Heia Angola’, bokstaveleg Angola framover’) er nasjonalsongen til Angola. Musikken blei skriven av Ruy Mingas, medan teksten blei skriven av Manuel Rui. Songen blei teken i bruk som nasjonalsong i november 1975, då Angola fekk sjølvstende frå Portugal. Teksten viser til fleire viktige hendingar knytt til Movimento Popular de Libertação de Angola (MPLA), som hadde makta i landet frå det fekk sjølvstende og var det einaste partiet i Angola fram til 1992.

Remove ads

Historie

Musikken til «Angola Avante» blei komponert av Ruy Mingas.[1][2] Tekstene til songen blei skriven av Manuel Rui Alves Monteiro[1] (f. 1941), ein forfattar som studerte i Huambo og er tilknytt både forfattarforeininga og kunstnar- og komponistforeininga i landet.[3] Songen blei offisielt utnemnd som nasjonalsong i 1975, då landet fekk sjølvstende den 11. november det same året.[1] Dette er stadfesta i artikkel 164 i den angolanske grunnlova.[4]

Teksten viser til fleire viktige hendingar i historia til MPLA. Sidan eittpartistaten blei avskaffa i 1992 har dette blitt gjort noko forelda.[5] Som følgje har det vore forsøk på å endra nasjonalsongen, i lag med andre nasjonalsymbol.[5][6] Ingen av desse har nådd fram, og nasjonalsongen er ikkje blitt endra.[1]

Remove ads

Tekstinnhald

Tekstene til «Angola Avante» viser til korleis landet og folket vil gå framover i framtida.[7] Ivan Hewett i The Daily Telegraph klassifiserte han som ein av fleire samtidige nasjonalsongar med ein meir kjempande tone inspirert av «Marseillaisen».[8]

Den siste tredjedelen av begge versa blir vanlegvis sett på som refreng og repeterte; kor-refrenget blir òg repetert to gonger under kvar framføring.

Remove ads

Teksten

Portugisisk (offisiell språk)

Meir informasjon Portugiskisk originaltekst, IPA-transkripsjon ...

Kikongo (nasjonalt språk)

Meir informasjon Kikongo, IPA-transkripsjon ...

Engelsk omsetjing

I
Oh Fatherland, we shall never forget
The heroes of the Fourth of February.
Oh Fatherland, we salute your children
Who died for our Independence.
𝄆 We honour the past and our History,
As by our work we build the New Man. 𝄇

Chorus:
𝄆 Forward, Angola!
Revolution through the power of the People:
A United Country, Freedom,
One People, one Nation! 𝄇

II
Let us raise our liberated voices
For the glory of the peoples of Africa.
We shall march, Angolan fighters,
In solidarity with oppressed peoples.
𝄆 We shall fight proudly for Peace
Along with the progressive forces of the world. 𝄇

Chorus[12]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads