Anita Simoncini
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anita Simoncini (fødd 14. april 1999 i Montegiardino) er ein sanmarinsk songar og medlem i jentegruppa The Peppermints.[1]
Eurovision
Junior Eurovision Song Contest 2014
Simoncini vart vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i Marsa på Malta med Rafaella Perniola, Greta Doveri, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio som jentegruppa The Peppermints.[2] Gruppa framførte songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[2] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[2] Simoncini vart den fyrste personen frå San Marino som representerte landet i Junior Eurovision Song Contest.[2]
Eurovision Song Contest 2015
27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Simoncini og Michele Perniola til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.[3][4]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads