Michele Perniola

From Wikipedia, the free encyclopedia

Michele Perniola
Remove ads

Michele Perniola (fødd 1998 i Palagiano) er ein italiensk songar. Han er kjend for å ha vunne den sjette sesongen av Ti lascio una canzoneRai 1.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Eurovision

Junior Eurovision Song Contest 2013

San Marino debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina og Radiotelevisione della Repubblica di San Marino valde Perniola som sin representant med songen «O-o-O Sole intorno a me». Songen har han skrive saman med Antonio Carozza, Massimiliano Messieri og Piero Romitelli, og vart framført på italiensk. I fylgje reglane må kvart land velje ein deltakar med statsborgarskap i det landet ein skal representere eller ha budd der i meir enn to og eit halvt år. På grunn av lågt folketal har San Marino lov til å velje ein deltakar frå anten San Marino eller Italia.

Landet enda på tiandeplass med 42 poeng; fire frå Armenia og Russland, tre frå Kviterussland og Georgia, to frå Aserbajdsjan, Malta, Moldova, Sverige og Nederland og eitt frå Ukraina. San Marino fekk i tillegg fem poeng frå barnejuryen og kvart land fekk tolv bonuspoeng for å unngå at nokon ville ende opp utan poeng. Det var fyrste gongen San Marino deltok i ein Eurovision-finale. Landet har aldri delteke i finalen i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2008.

Eurovision Song Contest 2014

Perniola var talsperson for San Marino under Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark, og delte ut poenga frå San Marino i finalen.[1][2]

Eurovision Song Contest 2015

27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Perniola og Anita Simoncini til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[3]

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads