Anita Włodarczyk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anita Włodarczyk
Remove ads

Anita Włodarczyk (fødd 8. august 1985) er ein polsk friidrettsutøvar frå Rawicz som tevlar i sleggjekasting. Etter at russiske utøvarar har fått annullert ei rekke prestasjonar, står Włodarczyk som vinnar av fire VM-gull, like mange EM-gull og tre OL-gull i øvinga, oppnådd i perioden 2009-11. Ho har sett ei rad verdskordar i sleggjekast, den siste frå 2016 er på 82,98 meter.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Włodarczyks fyrste internasjonale meisterskapsfinale fann stad under Sommar-OL 2008 i Beijing, der ho vart nummer 6 med eit bestekast på 71,56 m. Same sesongen kom ho på tredjeplass i IAAF World Athletics-finalen i Stuttgart med 70,97 m. I VM i friidrett 2009 i Berlin sikra ho seg gullmedaljen då ho sette verdsrekord med 77,96 meter i den andre omgangen. Då sleggja landa, sprang ho jublande mot publikum. I gledesrusen forstua ho ein fot og kunne ikkje halde fram å kaste i resten av tevlinga.

I 2012 vann Włodarczyk øvinga i Helsinki-EM og ho vart nummer to i London-OL. Året etter vart ho nummer 2 også i Moskva-VM, som i London slått av Tatjana Lysenko. År 2016 vart det i russiske Lysenko sine prøver frå London 2012 funne prov på dopingstoff, noko som gjorde at ho vart frådømt begge gullmedaljane. Midt i august 2014 vann Włodarczyk EM-gull i Zürich, 14 dagar seinare forbetra ho verdsrekorden til 79,58 m ved eit stemne i Berlin.

Sommaren 2015 flytta Włodarczyk fyrst rekorden til 79,83 m, for så å smekke til med 81,08 meter den 1. august i Władysławowo. Sigersrekka i meisterskap heldt fram i VM 2015, EM 2016 og OL 2016. I sleggjefinalen ved sommarleikane i Rio de Janeiro sette ho elles verdsrekord med 82,29 meter. Vel heimkomen frå Brasil presterte ho, i Warszawa 28. august 2016, sitt livs beste kast, 82,98 meter er framleis verdsrekord (2022).

Sidan vart Włodarczyk europameister 2018, verdsmeister 2019 og olympisk meister 2021.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads