VM i friidrett 2023
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i friidrett 2023, den 19. i rekka, vart avvikla på nybygde Nemzeti Atlétikai Központ i Budapest i Ungarn i tida frå 19. til 27. august. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 49 øvingar, fordelt på 24 for menn og like mange for kvinner. I tillegg var det 4 x 400 meter stafett for blanda lag. Frå 202 deltakarland var påmeldt 2 187 utøvarar.

Russland og Belarus var stengt ute frå å delta grunna invasjonskrigen mot grannelandet Ukraina.
Remove ads
Fire utøvarar vann to gullmedaljar kvar. Den USA-amerikanske sprintaren Noah Lyles vann både 100 meter og 200 meter, han var også med på USA sitt vinnarlag i 4 x 100 meter stafett. Faith Kipyegon frå Kenya sigra på så vel 1500 meter som 5 000 meter, medan dei spanske kappgjengarane Álvaro Martín og María Pérez García triumferte i sine tevlingar.
Karsten Warholm vart verdsmeister på 400 meter hekk for tredje gong. Nett som året før, vann Jakob Ingebrigtsen gullmedaljen på 5 000-meteren og sølvmedaljen på 1500 m. Narve Nordås tok bronsemedaljen på 1500 meter, medan Håvard Bentdal Ingvaldsen vart sjettemann på 400 meter. Eivind Henriksen kom på sjuandeplass i sleggjekasting.
Menn
100 meter
Finale: 20. august
200 m
Finale: 25. august
400 m
Finale: 24. august
800 m
Finale: 26. august
1500 m
Finale: 23. august
5 000 m
Finale: 27. august
10 000 m
20. august
Maraton
27. august
110 meter hekk
Finale: 21. august
400 m hekk
Finale: 23. august
3 000 meter hinder
Finale: 22. august
4 × 100 meter stafett
Finale: 26. august
4 × 400 m stafett
Finale: 27. august
20 km kappgang
19. august
35 km kappgang
24. august
Høgdehopp
Finale: 22. august
Stavhopp
Finale: 26. august
Lengdehopp
Finale: 24. august
Tresteghopp
Finale: 21. august
Kulestøyt
Finale: 19. august
Diskoskast
Finale: 21. august
Sleggjekast
Finale: 20. august
Spydkast
Finale: 27. august
Tikamp
25. og 26. august
Remove ads
Kvinner
100 meter
Finale: 21. august
200 m
Finale: 25. august
400 m
Finale: 23. august
800 m
Finale: 27. august
1500 m
Finale: 22. august
5 000 m
Finale: 26. august
10 000 m
19. august
Maraton
26. august
100 meter hekk
Finale: 24. august
400 m hekk
Finale: 24. august
3 000 meter hinder
Finale: 27. august
4 × 100 meter stafett
Finale: 26. august
4 × 400 m stafett
Finale: 27. august
20 km kappgang
20. august
35 km kappgang
24. august
Høgdehopp
Finale: 27. august
Stavhopp
Finale: 23. august
Lengdehopp
Finale: 20. august
Tresteghopp
Finale: 25. august
Kulestøyt
Finale: 26. august
Diskoskast
Finale: 22. august
Sleggjekast
Finale: 24. august
Spydkast
Finale: 25. august
Sjukamp
19. og 20. august
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leichtathletik-Weltmeisterschaften 2023» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads