Wang Zheng

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wang Zheng
Remove ads

Wang Zheng (fødd 14. desember 1987) er ein kinesisk friidrettsutøvar frå Xi'an som tevlar i sleggjekasting. I tida 2013-19 vann ho tre VM-medaljar i øvinga, ein sølvmedalje i London i 2017 og to bronsemedaljar. År 2021 fekk ho sølv i dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Wang vart nummer 4 med 74,90 meter og personbeste under VM 2013, ei plassering som sidan vart omgjort til bronse etter at det vart godtgjort at vinnaren i tevlinga hadde vore dopa i 2012 og skulle ha vore stengt ute frå tevling. 29. mars 2014 kasta Wang i Chengdu sleggja heile 77,68 meter, hennar livs lengste kast. Etter femteplass i VM 2015 sikra ho seg sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen 2017 i London, slått med knappe 2 meter av polske Anita Włodarczyk. I VM 2019 fekk Wang hand om bronsen, langt bakom verdsmeister DeAnna Price frå USA og Joanna Fiodorow frå Polen. Sommaren 2021 deltok Wang i Sommar-OL for tredje gong og lukkast vinne ein olympisk medalje i sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads