Anjar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anjar (arabisk عنجر, armensk Անճար, tyder «uløyst eller rennande elv»), òg kalla Haoush Mousa (arabisk حوش موسى, Ḥawsh Mūsá), er ein by i Libanon i Bekaadalen. Innbyggjartalet er 2 400,[1] og består nesten utelukkande av armenarar. Det samla areal eter kring 20 kvadratkilometer. Om sommaren aukar innbyggjartalet til 3 500.
- Må ikkje forvekslast med Majdal Anjar.
Remove ads
Historie

Byen vart grunnlagd av omajade-kalifen al-Walid I på byrjinga av 700-talet, som ein palassby. Historikaren Jere L. Bacharach hevdar det var sonen til al-Walid, Al-Abbas, som grunnla Anjar, kring 714. Han siterer den bysantinsk-greske historikaren Theofanes bekjennaren som skreiv at al-Abbas bygde byen. Sjølve bygginga vart gjort av arbeidarar frå Anatolia og koptiske handverkarar frå Egypt.[2]
Etter å ha stått tom i seinare år, vart Anjar busett på ny i 1939 med fleire tusen armenske flyktningar frå Musa Dagh-området i Tyrkia. Nabolaga i landsbyen er kalla opp etter dei seks landsbyane i Musa Dagh: Haji Habibli, Kebusiyeh, Vakif, Kheder Bek, Yoghunoluk og Bitias. Det syriske forsvaret valde Anjar som ein av hovudbasane sine i Beqaadalen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads