Majdal Anjar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Majdal Anjar
Remove ads

Majdal Anjar (arabisk مجدل عنجر; òg skrive Majdel Anjar eller Majdal 3njar) er ein landsby i Beqaa guvernement i Libanon. Majdal Anjar er i stor grad ein muslimsk by.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Geografi

Majdal Anjar ligg i Bekaadalen langs vegen mellom Beirut og Damaskus. Han ligg heilt på grensa mellom Libanon og Syria, der han vert kalla «Masnaa». Byen ligg kring 55 km frå hovudstaden i Libanon og 57 kilometer frå Damaskus, 970 meter over havet. Innbyggjartalet er kring 25 000. Han grensar til Sawiri i aust og sør, Anjar i nord og Dakwi og Rawda i vest.

Handel

Majdal Anjar er eit viktig handelssenter i Bekaadalen, sidan han ligg på riksgrensa. Det ligg mange tollkontor i grenseområdet, i tillegg til mange butikkar og marknader.

Historie

Byen har ein gammal moské kalla «Omar bin al-Khattab», bygd av Walid bin Abdul Malik bin Marwan. Majdal Anjar er kjend for den gamle katedralen, i dag berre kalla borga, som ligg på eit platå kalla Al Hosen.

Det er gjort funn i området av flintreiskap frå yngre steinalder og Qaraoun-kulturen.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads