Anna Munch
norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anna Dahl Munch (4. august 1856–29. november 1932) var ein norsk forfattar.
Remove ads
Familie
Anna Dahl Munch var dotter av legen Ludvig Wilhelm Dahl (1826–1890) og Anna Cathrine Lyders Bonnevie (1835–1893). Faren blei seinare utnemnd til medisinaldirektør. Anna var syster av Ludvig Dahl (1864–1934), Cecilie Dahl, Nils Alstrup Dahl og kusine av biologen Kristine Bonnevie, som blei den fyrste kvinnelege professoren i Noreg.
I 1883 gifta Munch seg med overlærar og major Peter Anker Ragnvald Munch (1853–1920), som var fetter av målaren Edvard Munch. Dette ekteskapet blei seinare oppløyst.
I 1910 gifta Munch seg med forfattaren Sigurd Mathiesen (1871–1958).
Remove ads
Virke
Munch var frå 1887 styremedlem i Trondhjems Kvinnesaksforening.[1][2]
Ho gav ut ei rekkje romanar, noveller og skodespel i åra mellom 1890 og 1916.
Roman om Anna Munch
I 2016 gav Selma Lønning Aarø ut romanen Hennes løgnaktige ytre, der ho tek utgangspunkt i livet til Anna Munch og forholdet hennar til Knut Hamsun.[3]
Bibliografi
- 1890: Over paa den anden Side. En julefortælling[4]
- 1892: Kvinder. Et Stykke Udviklingshistorie. Kristiania-fortælling – illustratør: Thorolf Holmboe[5]
- 1893: Dobbeltgængere : dramatisk Situation i een Akt[6]
- 1893: Psyche. Skuespil i 3 Akter – På bokas kolofonside er det opplyst at stykket er „skrevet i 1886 i anledning »En Hanske«, og seinare omarbeida.“[7]
- 1893: Skyggernes Dal. Skuespil i to Akter[8]
- 1893: Eros. I. Tre Skuespil – Utgjevinga inneheld de tre skodespela Skyggernes Dal, Psyche og Dobbeltgængere[9]
- 1894: To Hustruer. Fortællinger – Utgjevinga inneheld forteljingane Min blå Blomst. Bekjendelser og På Vrangen og Retten[10]
- 1895: Roser og Tidsler. (Eros.) En Studie.[11]
- 1897: Selsomme Ting – På bokas kolofonside står det „Udgaar som Bilag til «Tidsskrift for Teosofi»“[12]
- 1897: To mennesker[13]
- 1898: Sorte Svaner. Skuespil[14]
- 1903: Verdens Herrer. En Kvindes Iagttagelser.[15]
- 1904: Glæde[16]
- 1906: Dag[17]
- 1909: Vesla. Skuespil i fem billeder[18]
- 1913: Zodiac. Dyrekredsen[19]
- 1916: Menneskenes barn. Samfunnsbilleder[20]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads