SINTEF
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
SINTEF er eit forskningskonsern som sel forskingsbasert kunnskap og tilhøyrande tenester basert på innsikt i teknologi, naturvitskap, medisin og samfunnsvitskap. Det fulle namnet var, inntil ei vedtektsendring i 2007, «Selskapet for industriell og teknisk forskning ved Norges tekniske høgskole». I dag er SINTEF det fulle namnet til organisasjonen.
SINTEF er eit av største institutta for oppdragsforsking i Europa. SINTEF er ei ikkje-kommersiell forskingsstifting med dotterselskap. Heile overskotet blir investert i laboratorium, vitskapleg utstyr og ny forsking.
Hovudkontoret ligg i Trondheim, men konsernet har òg ca. 350 tilsette i Oslo. I tillegg har SINTEF verksemd i Bergen, Stavanger, Ålesund, Tromsø og på Raufoss, og kontor i Houston, Texas (USA), Rio de Janeiro (Brasil), og laboratorium i Hirtshals i Danmark.
Remove ads
Organisering
Konsernet består av stiftinga SINTEF og av forskingsakskjeselskapa MARINTEK, SINTEF Energi AS, SINTEF Fiskeri og havbruk AS og SINTEF Petroleumsforskning AS. I tillegg er SINTEF Holding etablert for å skilje aktivitet i grenseland mellom kommersiell verksemd og forsking ut frå kjerneverksemda.
SINTEF er organisert i følgjande konsernområde:
- SINTEF Byggforsk
- SINTEF IKT
- MARINTEK
- SINTEF Fiskeri og havbruk AS
- SINTEF Materialer og kjemi
- SINTEF Energi AS
- SINTEF Petroleumsforskning AS
- SINTEF Teknologi og samfunn
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads