Meråker kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Meråker kommune
Remove ads

Meråker (sørsamisk: Mearohke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Jämtland län i Sverige.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Meråker sentrum ligg 20 km frå Storlien og 48 km frå Trondheim lufthamn, Værnes. Meråker var opphavleg ein landbrukskommune, noko som òg går fram av namnet: merr og åker. Også gruvedrift har lange tradisjonar, noko gruvetralla i kommunevåpenet fortel om. Fleire stader rundt om finst det nedlagde kopargruver. Industri var og er viktig. Alt i 1898 vart det bygd ein karbidfabrikk i kommunen.

Remove ads

Samferdsel

Europaveg 14 (E14) frå Stjørdal til Sundsvall i Sverige går gjennom Meråker. Jarnvegen mellom Trondheim og Østersund går òg gjennom Meråker.

Historie

Kommunehistorie

Meråker vart oppretta som eigen kommune 1. januar 1874 da Øvre Stjørdal kommune vart delt i to: Hegra (i Stjørdal kommune) og Meråker. Meråker hadde ved opprettinga 1861 innbyggarar.

Meråker smelteverk

I 1898 vart det opna ein karbidfabrikk i Kopperå. Fabrikken vart seinare ombygd til eit silisiumsmelteverk. Hovudproduktet var microsilica som til dømes vert nytta som tilsettingsstoff i betong. Elkem Meråker er ikkje lenger i drift, etter at produksjon av microsilica vart lagt ned juni 2006.

Kjente meråkerbyggar

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads