Another Country av Rod Stewart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Another Country er det 29. studioalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut 23. oktober 2015 på Capitol Records og var produsert av Stewart og Kevin Savigar.

Meir informasjon Rod Stewart-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Det førre albumet til Stewart, Time, kom ut i 2013. Dette albumet bestod av songar skrivne av Stewart og vart ein stor suksess. Stewart sa at det gav han sjølvtillit til å fortsette å skrive songar til eit nytt album.[13]

Låtskriving og innspeling

Stewart sa at «Batman Superman Spiderman» vart skriven om godnatthistorier som han fortalde den yngste sonen sin, Aiden Patrick Stewart, om desse tre oppdikta superheltane.[14] Tittelsporet på albumet var inspirert av respekten Stewart hadde for væpna styrkar noko som var påverka av at han vart fødd kort tid før slutten av andre verdskrigen.[15]

Innspelinga fann stad heime hos Stewart med hjelp av Pro Tools.[15]

Remove ads

Singlar

«Love Is» vart gjeven ut som den første singelen frå Another Country den 23. juni 2015. I USA nådde singelen 37. plassen på Adult Contemporary-lista. «Please» og «Way Back Home» vart gjevne ut som singlar høvesvis 1. september og 16. oktober 2015.

Mottaking

Another Country fekk middels kritikk hos kritikarane. På Metacritic, som samlar meldingar frå kjende magasin og nettstader og gjev ein normalisert rating frå 0 til 100, fekk albumet ein score på 57, basert på 10 meldingar.

Innhald

Alle songane er produserte av Rod Stewart og Kevin Savigar; utanom «Hold the Line» produsert av Stewart, Savigar, RedOne og TinyIsland.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (2015), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads