Anshun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anshun
Remove ads

Anshun er eit byprefektur i provinsen Guizhou i det sørlege Kina. Folketalet ved folketeljinga i 2010 var 2 297 339.[2] Sjølve byen hadde eit folketal på 765 313.

Kjappe fakta Land, Areal ...

I prefekturet ligg attraksjonar som Long Gong-drakeholene og Getu-elva. Huangguoshu-fossen, den høgaste fossen i Kina, ligg i nærleiken av Anshun.

Remove ads

Historie

Under krigarrika-tida var området del av kongeriket Yelang.[3] Historieverket Shiji fortel at av dei sjølvstendige rika i området var Yelang det største.[3]

Anshun var ein blømade by i opiumhandelens dagar på 1800-talet. Han er i dag eit viktig handelssenter. I dette området vert det produsert grøn te, stål og maskinvarer. Byen har også matforedlingsindustri. Anshun er kjend for produksjon av sakser og for lærprodukta.

Remove ads

Administrative eningar

Anshun omfattar eitt bydistrikt, to fylke og tre autonome fylke:

  • Bydistriktet Xixiu - 西秀区 Xīxiù Qū
  • Fylket Pingba - 平坝县 Píngbà Xiàn
  • Fylket Puding - 普定县 Pǔdìng Xiàn
  • Det autonome fylket Guanling for buyei- og miaofolka - 关岭布依族苗族自治县 Guānlǐng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
  • Det autonome fylket Zhenning for buyei- og miaofolka - 镇宁布依族苗族自治县 Zhènníng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
  • Det autonome fylket Ziyun for miao- og buyeifolka - 紫云苗族布依族自治县 Zǐyún miáozú bùyīzú Zìzhìxiàn
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads