Guizhou
provins i Kina From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guizhou (forenkla kinesisk 贵州, pinyin Guìzhōu) er ein provins i dei sørlege, midtre delane av Folkerepublikken Kina. Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Guiyang er hovudstad i provinsen.

Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.
Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.
Remove ads
Namn
Området vart ei administrasjonseining under Tang-dynastiet, og fekk namnet Juzhou (矩州). Under det mongolsk-leia Yuan-dynastiet vart skriftteiknet 矩 (ju, 'tømmermannsvinkel') endra til 貴 (gui, 'verdifullt' eller 'dyrt').[1]
Geografi
Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.[2]
Klima
Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.
Remove ads
Historie
Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.
Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.
Guizhou vart formelt ein provins i 1413.[3]
Etter nasjonale økonomiske reformar som byrja i 1978, vart Guizhou den fattigaste provinsen i landet.[4]
Folkesetnad
Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.
55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.[5]
Remove ads
Økonomi
Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer.[6] Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.[6]
Administrasjonseiningar
Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:
Dei ni einingane er delt opp i 88 einingar på fylkesnivå (14 distrikt, 7 byfylke, 55 fylke, 11 sjølvstyrande fylke og 1 spesialdistrikt).
Remove ads
Styresmakter
Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Sun Zhigang. Guvernøren er Shen Yiqin (2020).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads