Anton Bolinder
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anton Bolinder (3. juni 1915–7. desember 2006) var ein svensk friidrettsutøvar frå Los i Hälsingland, som vart europameister i høgdehopp i 1946.
Remove ads
Aktiv

Bolinder tok allereie i 1934 sølvmedaljen i høgdehopp i den svenske meisterskapen, ein prestasjon han kopierte ti år seinare. I 1946 gjekk han over 1,98 meter og vart for fyrste gong svensk meister i øvinga. Den 23. august same året sette han personleg rekord med 1,99 meter då han på Bislett stadion i Oslo vann gullmedaljen i høgdehopp under EM i friidrett 1946. Briten Alan Paterson tok sølvet med 1,96 m.
Blinder vart svensk meister i høgdehopp i OL-sesongen 1948, men deltok ikkje i Sommar-OL i London. Han tevla for i IFK Östersund, og døydde 91 år gammal i Östersund.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Anton Bolinder» frå Wikipedia på tysk, den 23. august 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads