Anzjelika Sidorova

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anzjelika Sidorova
Remove ads

Anzjelika Aleksandrovna Sidorova (fødd 12. januar 1991) er ein russisk friidrettsutøvar frå Moskva. Ho vart europameister 2014 i stavhopp og verdsmeister 2019 i same øvinga, i den siste tevlinga sette ho personleg rekord med eit hopp på 4,95 meter. I Tokyo-OL 2021 vart ho sølvmedaljør.

Kjappe fakta
Thumb
Anzjelika Sidorova i 2019
Remove ads

Aktiv

Sidorova kneip gullmedaljen frå greske Ekateríni Stefanídi då ho under friidretts-EM 2014 tok seg over 4,65 meter i tredje og siste forsøk. Sidorova imponerte endå meir då ho ved hall-EM 2015 i Praha hoppa heile 4,80 m og på ny vann over Stefanídi med 5 cm.

Sidorova sigra i hall-EM 2019 i Glasgow med eit stavhopp på 4,90 m. Ved eit stemne i Madrid om sommaren forbetra ho sitt personbeste til 4,91 m. Høgdepunktet for Sidorova kom 29. september 2019 under verdsmeisterskapen i Doha, i tredje forsøk på 4,95 meter svinga ho seg over lista og vann gullmedaljen. Under dei olympiske leikane 2021 i Tokyo var Sidorova ein av tre utøvarar som tok 4,85 metershøgda i fyrste forsøk, men sidan ho ikkje hadde riv på lågare høgder, leia ho tevlinga. Gullmedaljen glapp då Katie Nageotte frå USA hoppa over 4,90 m i sitt andre forsøk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads