Ekateríni Stefanídi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ekateríni Stefanídi
Remove ads

Ekaterini Stefanidi (fødd 4. februar 1990) er ein gresk stavhoppar frå Aten som vart europameister og olympisk meister i øvinga i 2016 og deretter verdsmeister i 2017 og europameister i 2018. I tillegg har ho vunne tre sølvmedaljar i europameisterskap og bronsemedaljen i VM 2019.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Stefanídi kom i 2011 på sølvplassen i stavtevlinga då U23-EM fann stad i tsjekkiske Ostrava, og fekk bronsen i universiaden i kinesiske Shenzhen, der ho forbetra den personlege rekorden til 4,45 m. Same høgda nådde ho då i OL-året 2012 vart nordamerikansk collegemeister (NCAA). Nokre veker før OL-tevlinga i London svinga ho seg over 4,51 i Livermore i California, men under sommarleikane mislukkast ho heilt.

Etter ein noko skadeplaga 2013-sesong, forbetra Stefanídi den personlege rekorden fire gongar, sist til 4,71 m og tangering av den greske stavrekorden, ei veke før europameisterskapen i Zürich. I finalen i Zürich var ho ein av tre deltakarar som stoppa på 4,60 m, men sidan ho tok høgda i andre forsøk, og dei hine to fyrst i tredje forsøk, leia ho tevlinga åleine då russiske Anzjelika Sidorova gjorde seg klar til sitt tredje hopp på 4,65 m. Sidorova fekk klaff og tok gullmedaljen, Stefanídi fekk sølvet.

Vinteren 2015 tok Stefanídi seg over 4,77 m innadørs og ganske nøyaktig eitt år seinare klarte ho 4,90 m i New York City. Den 8. juni 2016 sette ho gresk rekord med 4,86 m i Aten. Ein månad seinare vart ho i Amsterdam europameister og sette meisterskapsrekord med eit hopp på 4,81 m.

Thumb
Medaljevinnarane i stavhopp under EM 2016, frå venstre Lisa Ryzih, Stefanídi og Angelica Bengtsson

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads