Apt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Apt (oksitansk At / Ate) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 12 000 innbyggjarar. Byen ligg ved venstre breidda av Coulon, 65 km aust for Avignon. Han er den største byen i fjella Luberon.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Geografi

Apt ligg nord for Aix-en-Provence og elva Durance.

Historie

Apt var ein gong den viktigaste byen for Vulgientes, ei gallisk stamme, men vart øydelagd av romarane rundt 125 fvt.. Byen vart bygd opp att av Julius Cæsar, som gav han tittelen Apta Julia. Byen vart mykje øydelagd av lumbardane og saracenarane, men festningsverka vart bygd opp att av grevane av Provence. Bispedømet vart grunnlagd på 200-talet. Castor av Apt var biskop i byen på 400-talet. Bispedømet vart avskaffa i 1790 under den franske revolusjonen.

Viktige manuskipt, som omhandla musikk, vart funne i Apt på 1100- og 1200-talet. Dei er kjend som Apt-manuskriptet eller Ivrea-kodeksen. Dei inneheld motettar og messer, som alle er polyfoniske. Ni av fjorten motettar av Philippe de Vitry er skrive ned i kodeksen, ei samling av 81 komposisjonar frå 1360. Ein meiner at kodeksen opphavleg vart nytta i pavepalasset i Avignon.

Remove ads

Økonomi

I området vert det produsert vin, honning og trøflar.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads