Aix-en-Provence
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aix-en-Provence eller berre Aix [eks] (oksitansk Ais de Provença eller Ais de Prouvènço) er ein universitetsby og kommune som ligg sør i Frankrike, om lag 25 km nord for Marseille.[1] Byen har i dag om lag 140 000 innbyggjarar, av dette ca. 30 000 studentar, og er sous-préfecture (administrasjonsstad) i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur .
Remove ads
Historie

Byen vart grunnlagd i 122 f. Kr. ved ei varm vasskjelde av den romerske konsulen Sextius Calvinus, som kalla opp staden etter seg og vatnet, Aquae Sextiae.[2][3] På 300-talet hadde byen vekse til metropolen Narbonensis Secunda. I mellomalderen vart Aix hovudstaden i den tidlegare provinsen Provence. Størst var han først frå 1100-talet av, då han vart eit lærdoms- og kultursenter under husa av Aragon og Anjou.[2]
I lag med resten av Provence, gjekk byen Aix-en-Provence til den franske krona i 1487 og i 1501 oppretta Ludvig XII parlamentet i Provence, som eksisterte fram til den franske revolusjonen i 1789.
Remove ads
Geografi og klima
Aix-en-Provence ligg på ei slette, der ein kan sjå utover elva Arc, om lag ein kilometer får den høgre breidda til elva. Byen stig sakte oppover frå nord til sør, og Montagne Sainte-Victoire er lett synleg i aust. Aix ligg i Sør-Frankrike og har eit varmt klima. Middeltemperaturen i januar er 5 °C, og i juli 22 °C. Han har i snitt 300 dagar med sol, og berre 91 med regn. Byen ligg stort sett i le for den kalde mistralvinden, men stundom fører denne vinden til sure forhold.
Remove ads
Kjende folk frå Aix
- Eleanor av Provence (d. 1291), dronning til Henrik III av England
- Paul Cézanne (1839-1906), målar, levde og måla her
- Émile Zola (1840-1902), forfattar, voks opp her, barndomsven av Cézanne
- Maurice Rouvier (1842-1911), politikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads