Ardenna
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ardenna er ei biologisk slekt av sjøfuglar og medlem av stormfuglfamilien, Procellariidae.

Foto: Dick Daniels
Denne slekta samlar sju mellomstore lirer. Desse artane var lenge ein del av slekta Puffinus, men på bakgrunn av funn etter fylogeniske analysar av mitokondrium-DNA, vart artane splitta ut til si eiga slekt Ardenna.[1][2] Ein nemnd skildnad i morfologi mellom dei to slektene er ein tendens til større naseborrøyr ved nebbrota hos Ardenna-artane enn hos mange Puffinus-artar.[3]
Allereie i 1853 gjorde Ludwig Reichenbach framlegg om denne slekta,[4][5] likevel blei namnet første gongen brukt så tidleg som i 1603 til å referere til ein spesifikk sjøfuglart.[6]
Som andre lirer flyg Ardenna-lirer med stive venger, og brukar ein teknikk for å segle over bølgjefrontar som krev eit minimum av aktiv flyging. Mange er langdistansemigrantar, kanskje mest spektakulærte er grålira[7] og smalnebblira[8] som utfører trekk på 14 000 km eller meir kvart år.
Artane i Ardenna i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]
- Chilelire, Ardenna creatopus, Pink-footed Shearwater, Coues, 1864, (VU)
- Lysbeinlire, Ardenna carneipes, Flesh-footed Shearwater, Gould, 1844, (LC)
- Storlire, Ardenna gravis, Great Shearwater, O'Reilly, 1818, (LC)
- Kilehalelire, Ardenna pacifica, Wedge-tailed Shearwater, Gmelin, 1789, (LC)
- Grårygglire, Ardenna bulleri, Buller's Shearwater, Salvin, 1888, (VU)
- Grålire, Ardenna grisea, Sooty Shearwater, Gmelin, 1789, (NT)
- Smalnebblire, Ardenna tenuirostris, Short-tailed Shearwater, Temminck, 1835, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads