Storlire
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Storlire (Ardenna gravis) er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Atlanteren. Storlira hekkar på øyar i Sør-Atlanteren og er ein trekkfugl som trekkjer nordover i den nordlege sommaren til havområda aust for Nord-Amerika.[1]

Foto: Patrick Coin
Storlira er 43–51 cm i lengd med vengespenn på 105–122 cm. Ho er identifiserbar med mørk hette, markert kvit krage, mørk overside, og undersida er kvit bortsett frå ein skitten flekk på buken. Ho har òg mørke teikningar under vengene. Oversida av halen har eit kvitt band framføre det mørke endebandet. Nebbet er mørkt. Ho flyg på stive venger, som ei stor havlire.[1]
Populasjonen var estimert til minst 15 millionar individ i 2004 og er stabil.[2]
Remove ads
Utbreiing
Det meste av bestanden hekkar på øygruppa Tristan da Cunha og på Gough Island. I tillegg har få fuglar hekka på Falklandsøyane.[2] Overvintringsområdet er Nord-Atlanteren, så langt nord som utanfor kysten av Grønland.[3]
I norske farvatn
Trekket sørover følgjer ei rute lengre aust og storlira blir observert utanfor Vest-Europa,[1] men berre sjeldan i Nordsjøen og øvrige nære norske farvatn. Dei siste godkjente observasjonane i Noreg var av eit individ i 1999 og eit i 2010.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads