Arild Feldborg

norsk forfattar (1912–1987) From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Arild Feldborg (18. april 191226. oktober 1987) var ein norsk revyforfattar og kringkastingsmann.

Kjappe fakta

Feldborg var fødd i Wien. Han var utdanna cand. oecon. i 1934 og virka som forfattar mellom anna ved Chat Noir frå tidleg på 1930-talet, ofte i samarbeid med Bias Bernhoft.

Feldborg var motstandsmann under den andre verdskrigen, og stasjonert i Stockholm. Etter krigen vart han knytt til NRK frå 1947; som redaksjonssjef frå 1955 til 1982, og vart ein sentral medarbeidar innan NRK si underhaldningsavdeling, Radioteatret (redaksjonssekretær 1973-82) og revyteater. Han har også skrive fleire høyrespel og bridgebøker.

Arild Feldborg døydde i Bærum.

Remove ads

Manuskript til Radioteatret

  • Oppfordring til Mord (1955). Med fleire forfattarar.
  • Fredløs blant de døde (1956). Med Torolf Elster, Odd Eidem, André Bjerke og Waldemar Brøgger. Kriminalstafett #4.
  • Inspektør Snusens memoarer med Arve Opsahl (1960, 62)
  • Døren, radioserie med Einar Sissener.
  • Hallo Perle (1961).
  • Knut Gribb 100 år (1964).
  • Parkinson I og II (1961), samt III (1963).
  • Mowglis sønn vender tilbake (1963).
  • Manøver mord (1967). Med Gunnar Hagen Hartvedt
  • Malkersaken (1968).
  • Barkbiller (1982)
  • Justismord
  • Mord i Stortinget
  • Spionen (1985). Med Michael Grundt Spang
Remove ads

Manuskript

  • Å i revyen Det hendte i går (1938). Songtekst. Med Bias Bernhoft.
  • Norge, våkn opp framført av Lalla Carlsen (1934). Antifascistisk songtekst.
  • Eg heiter Kari Steensdotter framført av Kari Diesen i Korken Smeller (Chat Noir, 1938). Med Bias Bernhoft.
  • Penere og penere framført av Einar Rose (1936). Songtekst om Mussolinis åtak på Etiopia.
  • Bursda'n min framført av Einar Rose (1939). Songtekst mot det tyske regimet.
  • Orfeus i undergrunnen (1940). Operette.
  • Norge i rødt, hvitt og blått (1942). Songtekst. Med Finn Bø.
  • Kampen om tungtvannet (1946). Hovudskribent blant fleire.
  • Folkehjemmet. Radioserie med Rolf Just Nilsen og Ragnhild Michelsen, utgjeve som ei rekkje EP på 1960-talet
  • Operasangeren framført av Rolf Just Nilsen i Så lenge lykken varer (Chat Noir, 1958).
  • Televimsen (1963). TV-serie.
  • Radio Skagerak (1965). Radioserie og EP.
  • Stanisław Lem, Eksisterer De, herr Johns? (1978). Omsetjing.
  • Mannfolk (Oslo Nye Teater, 1978). Komedie.
Remove ads

Bokutgjevingar

  • Charles H. Goren, Bridge i et nøtteskall (Aschehoug, 1962). Omsetjing.
  • Inspektør Snusens memoarer (Helge Erichsens forlag, 1961). Nyutgåve i (1995).
  • Nye snuserier (1962)
  • Bridge med Arild Feldborg (Aschehoug, 1965). Nyutgåve som Bridge fra begynnelsen (1978).
  • Malkersaken (1969). Med Michael Grundt Spang
  • Humor i Norge (Den norske bokklubben, 1974).
  • Damms Kryssordløser (Damm, 1982)
  • Hjernejogg (1989)

Utmerkingar

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads