Armagh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Armagh
Remove ads

Armagh er ein by i grevskapet Armagh i Nord-Irland. Han var tidlegare administrasjonsby for grevskapet, og er no kjernen i distriktet Armagh, som har status som city. Distriktet omfattar òg området rundt byen.

Kjappe fakta Land, Region ...

Byen er erkebispesete for både Den katolske kyrkja og Den irske kyrkja (anglikansk). Begge har i tillegg til erkebispetittelen òg tittelen Primas for heile Irland. Dette har ikkje vorte endra etter at øya vart delt i provinsen Nord-Irland og det som i dag er staten Irland, sidan byen ifølgje tradisjonen vart etablert som kyrkjeleg hovudstad av heilage Patrick sjølv på 400-talet.

Armagh vart etter tradisjonen grunnlagt i 444 av heilage Patrick. Den irske overkongen Brian Boru er gravlagd i kyrkjegarden som i dag tilhøyrer den anglikanske domkyrkja. Han fall i slaget ved Clontarf, som vert rekna som slutten på maktperioden til vikingane i irsk historie.

Queen's University etablerte ei avdeling i Armagh i 1995. Byen har ein lengre tradisjon for forsking, med Armagh Observatory frå 1790 og Armagh Planetarium frå 1968.

North-South Ministerial Council, eit organ som vart oppretta etter at Belfastavtalen vart inngått i 1998, har sete i Armagh. Rådet har representantar for styresmaktene i både Nord-Irland og Irland, og arbeider for å setja i verk tiltak som er ein del av fredsprosessen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads