Brian Boru
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brian Bóruma mac Cennétig (kring 941–23. april 1014), kjend som Brian Boru, var konge av Munster frå 976 og storkonge av Irland frå 1002 til han døydde i 1014.
Remove ads
Brian Boru var son av Cennétig mac Lorcáin, konge av Thomond, og Bé Binn ingen Aurchada, prinsesse av vestre Connacht. Brian Boru samla dei irske småkongedøma til eitt rike, og prøvde byggja ein sterk irsk nasjonalstat. Han kjempa mot vikingane si makt på Irland, og arbeidde for å gjenoppbygga klostra og biblioteka dei hadde øydelagd i herjingane sine.
Han blei drepen på langfredag i 1014 under slaget ved Clontarf, der hæren han leia likevel vann. Etter at Brian Boru døydde braut det ut strid om den irske krona.[1]
Brian Boru gav klanen O'Brian viktig politisk makt. Namnet «O'Brien» er seinare blitt svært utbreidd blant irar.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads