Armin Kogler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Armin Kogler (fødd 4. september 1959) er ein austerriksk tidlegare skihoppar.

Kjappe fakta

Etter at han overraskande vann VM i skiflyging i 1979, sette Kogler i 1981 ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 180 meter. I løpet av dei neste åra tok han to samanlagtsigrar i verdscupen, samt verdsmeistertittelen i normalbakke. I 1984 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Etter hoppkarrieren utdanna Kogler seg til flygar, og han har i ei årrekke jobba som pilot i Tirolean Airways. Han har dessutan jobba som ekspertkommentator under ORF sine hoppsendingar.

Kogler er gift og har to døtrer.

Remove ads

Merittar

  • VM i skiflyging: 1. plass i 1979
  • Verdenscupen: Samanlagtsiger 1981 og 1982, 2. plass i 1980, 3. plass i 1983, 14 enkeltsigrar
  • VM i Oslo 1982: : 1. plass i normalbakken, 3. plass i stor bakke 2.plass i laghopping. Kogler tok altså medaljar i alle tre renna, og blei med det VMs hoppkonge. Føre normalbakkerennet kniva han med Alfred Groyer om den siste plassen på laget. Groyer hoppa best, men sa sjølv han ikkje var i form og ikkje kunne vinna; noko han meinte Kogler kunne. Det var med andre ord berre såvidt Kogler kom seg med på laget i dette rennet i Midstubakken.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads