Arne Barhaugen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arne Barhaugen (11. januar 1932–10. februar 2008) var ein kombinertrennar frå Oslo, der han også døydde. Han representerte Nydalens Skiklub.
Barhaugen deltok for Noreg i kombinerttevlinga under ski-VM 1954, vinter-OL 1956, ski-VM 1958 og vinter-OL 1964. Beste plasseringane kom i Cortina d'Ampezzo i 1956 med femteplass, og ein noko overraskande sjetteplass i Innsbruck 1964. Gjennom sine tolv sesongar i noregseliten vann han ei einaste NM-medalje, bronsemedaljen i Rælingen i 1963. Åtte år tidlegare tok han sin einaste pallplass i eit større, internasjonalt renn; han vart då nummer tre i Svenska skidspelen i Nässjö.
Remove ads
- 1953: Nr 8 i Holmenkollen
- 1954: Nr 4 i Lahti og nr 8 under VM i Falun
- 1955: Nr 3 i Svenska Skidspelen i Nässjö
- 1956: Nr 5 OL i Cortina d'Ampezzo
- 1957: Nr 6 i Holmenkollen og i Lahti
- 1958: Nr 11 i VM i Lahti, og nr 7 i Holmenkollen
- 1959: Nr 9 i Lahti
- 1960: Nr 10 i Holmenkollen
- 1962: Nr 8 i Holmenkollen
- 1963: Nr 7 i Holmenkollen
- 1964: Nr 6 i OL i Innsbruck og i Svenska Skidspelen i Kiruna
Remove ads
- Ski-NM 1954: Nr 5 på Kongsvinger
- Ski-NM 1955: Nr 6 på Voss
- Ski-NM 1957: Nr 6 i Mo i Rana
- Ski-NM 1958: Nr 4 i Oslo
- Ski-NM 1959: Nr 4 på Gjøvik
- Ski-NM 1961: Nr 4 på Røros og i Rælingen
- Ski-NM 1962: Nr 5 i Skien
- Ski-NM 1963: Bronsemedalje i Rælingen
- Ski-NM 1964: Nr 4 på Voss
- Ski-NM 1965: Nr 4 på Fåberg
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Arne Barhaugen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. november 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Arne Barhaugen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Arne Barhaugen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads