Arnhild Skre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arnhild Skre (fødd 19. mai 1952 i Bergen) er ein norsk journalist og forfattar, busett i Ytre Enebakk.
Skre er oppvaksen i Bergen, på Voss, Stord og i Gausdal, innan ho tok artium på engelsklinje med kunsthistorie og teikning på Lillehammer gymnas i 1971. Ho tok hovudfag i historie i 2003.
Skre var journalist i NRK Hordaland og Middagsstunden 1980 - 1982, og journalist og seinare redaktør i vekeavisa Dag og Tid 1984 - 1993. Frå 1993 har ho vore journalist og kommentarskribent i Aftenposten med ansvar for kulturstoff og universitetspolitikk. Skre har også gjeve ut ei rekkje bøker. Ho fekk Brageprisen 2011 i open klasse for biografien Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Boka vart også kåra til Årets nynorskbok i 2011 av lesarane til Dag og Tid.[1]
Remove ads
Bibliografi
- Hulda Garborg. Nasjonal strateg.. (2011)
- La meg bli som leoparden : Ragnhild Jølsen - en biografi (2009)
- Heltinner jeg har møtt (2005)
- Dagmammaer i dagslys (1991)
- Innvandra mat (1988)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads