Arrival av Journey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Arrival er det 11. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i 2001. Ein versjon med ein song byta ut kom ut i Japan alt i 2000. Det var det første albumet deira med den nye vokalisten Steve Augeri, som erstatta den populære frontmannen Steve Perry, og med Deen Castronovo, som erstatta Steve Smith på trommer.

Meir informasjon Journey-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

«Arrival» består av ein type hardrock som minnar om stilen bandet hadde i 1970- og 1980-åra, men òg fleire balladar i signaturstilen til bandet med Perry. Vokalstilen til frontmannen Augeri har òg ein stil som minner om Perry. Albumet selte relativt godt og nådde 12. plassen på Billboard's Top Internet Albums-lista. Arrival fekk blanda kritikk, der nokre meinte det var formelbasert, medan andre roste element som gitarspelinga til Neal Schon.[1]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Albumet kom først ut i Japan seint i 2000, men då det vart spreidd på Internett, valde bandet å gje det ut i USA. Basert på tilbakemeldingar frå fansen som hadde høyrt den albumet på nettet, valde dei å spele inn to hardare rockesongar, «World Gone Wild» og «Nothin' Comes Close», som kom med på den amerikanske utgåva av albumet, medan dei tok bort «I'm Not That Way» frå den japanske utgåva.

Arrival inneheld ein mindre hit på adult contemporary-lista med balladen «All the Way». Albumet nådde 56. plassen på Billboard-lista,[4] Arrival var det første albumet deira sidan Next i 1977 som ikkje selte til gullplate i USA.[5] Det var òg det siste albumet deira for Columbia Records, som hadde vore selskapet deira sidan debutplata i 1975.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Bandmedlemmar
Produksjon
  • Kevin Shirley - produsent, lydteknikar, miksing
  • Aya Takemura - lydteknikar
  • George Marino - mastering
  • John Kalodner - A&R

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads