Arthur Brox
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arthur Brox (7. april 1901–25. januar 1973) var ein nordnorsk folkeminnesamlar, norsk lærar og lokalpolitikar.
Brox var fødd i Tromsøysund. Han studerte ved Tromsø lærarskole i 1923, og ved Noregs lærarhøgskole i 1949. I åra 1924–52 arbeidde han som gardbrukar og lærar i Medby i Torsken kommune, seinare blei han lærar og skolestyrar på Borgtun i Tromsø i åra 1953–61. Til saman var han lærar i 28 år i Torsken, og han var ordførar i kommunen i åra 1946-51.
Brox har gjort ein stor innsats som kulturhistorikar med nordnorsk perspektiv. Hovudverket hans er Berg og Torsken bygdebok, som er utgjeve i to bind. Han gav seinare ut Kulturminne frå Ytre Senja som også kom ut i to bind.
I 2022 blei det avduka ei statue av Arthur Brox i heimbygda Medby på Senja[1]
Remove ads
Senjamål og nynorsk
Hans Kristian Eriksen seier dette om Brox sitt språk:
- Arthur Brox lydde med språkleg sans til det ramsalte senjamålet, han må ha lært mykje av det oppdaga at det hadde valørar og verdiar som få andre dialektar. Kort før han kom til Senja, hadde ein språkforskar, Ragnvald Iversen, skrive si avhandling om syntaksen i senjamålet, og med dette granskingsarbeidet i friskt minne, kunne det bli påtrengande for Arthur Brox, trur eg, å søkje etter dei språklege verdiane når han ville fortelje om landskapet der menneska gjennom generasjonar hadde levd og utvikla sin særlege måte å uttrykke seg på. Når han sidan skreiv si store Senja-historie, prøvde han å gjere nynorsken til sitt mål ved å la det ta sterk farge av senjamålet.[2]
Remove ads
Bøker og hefte
- Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25-årshøgtida. Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923. (side 7-22: "Mållaget "Heimhug" 1898-1923", av Arthur Brox) (Nynorsk)[3]
- Berg og Torsken bygdebok. Bind I. Gardshistoria. Utgitt av Berg og Torsken kommunar. Trykk og innbinding AS Peder Nordbye, Tromsø, 1959 (Nynorsk)[4]
- Berg og Torsken bygdebok. Bind II. Bygdehistoria. Utgitt av Berg og Torsken kommunar. Trykk og innbinding AS Peder Nordbye, Tromsø, 1965 (Nynorsk)[5]
- Folkeminne frå Ytre Senja, Norsk Folkeminnelags skrifter 105, Universitetsforlaget, Oslo, 1970 (Nynorsk)[6]
- Folkeminne frå ytre Senja II, Norsk Folkeminnelags skrifter 117, Universitetsforlaget, Oslo, 1976 (Nynorsk)[7]
- Folkeminne frå ytre Senja, Lokalhistorisk forlag, 1990 (Nynorsk)[8]
Remove ads
Lokalhistoriske artiklar
- "Manntalet av 1666 for Troms prestegjeld". Håløygminne 1943, side 413
- "Russehandelen i Finnmark og Troms", Heimen, bd. IX, hefte 11 (nr 3, september 1954), side 517-519[9]
- "Hans Nielsen Hauge og Nordnorge", Vår kirke i nord. Årbok for Hålogaland 1953, side 7-16. Bispedømmerådene i Hålogaland, Tromsø, 1953[10]
- "Ein skolemeister-instruks frå 1700-talet". Håløygminne 1954, side 241-247
- "Anne Cathrine Juel. En merkelig livsskjebne". Håløygminne 1955, side 349-356
- "Moursundfolket i Berg og Torsken". Håløygminne 1955, side 392-400, side 400-407 og side 437-453
- "Finneskolen i Astafjord". Håløygminne 1956, side 473-479
- "Slekter i Dyrøy. To tingsvitne frå 1738 ". Håløygminne 1956, side 526-534 (retting s. 568)
- "Gårdshauger og tuftegrupper". Av Arthur Brox og Gerd Samsø Munch. Ottar nr 43 (1965, nr 1), side 1-12 er skrive av Arthur Brox (Nynorsk)[11]
- "Hans Nielsen Hauges ferd til Nordland og Troms i 1803. Eit 150-årsminne." Håløygminne 1953, side 119-137
- "Jordmorstell i Finnmark og Troms kring 1800". Håløygminne 1954, side 305-311.
- "Dagsror", Håløygminne 1963, side 191-197 (saman med Ottar Brox)
- "Gårdshauger og tuftegrupper" Av Arthur Brox og Gerd Stamsø Munch. Ottar Nr. 43 (1965, nr. 1). 17 s.
- "Leonhard Nilsen". Håløygminne 1968, side 309-316
- "Johan Wilhelm Brox". Håløygminne 1970, side 1-8
- "Bjørn på ytre Senja", Årbok for Senja 1972, nr 1
Kjelder
Meldingar av Arthur Brox sine skrifter
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads