Ragnvald Iversen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ragnvald Iversen (18. januar 1882–21. august 1960) var ein norsk lærar og professor i nordisk språkvitskap.[1]
Utdanning og arbeid
Iversen var fødd i Tromsø som son av snikkarmeister Anton Christian Iversen (1852–1930) og Emilie Odine Jacobsen (1856–1946).[2]
Etter examen artium 1899 frå Tromsø off. høiere almenskole flytta han til Kristiania der han arbeidde som lærer samtidig med at han studerte, mellom anna ved Brandbu middelskule 1907–09. Etter cand.philol. 1910 på avhandlinga Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag (gjeve ut 1913), var han adjunkt i Arendal 1910–13. Frå 1913 var han overlærar ved den kommunale middelskulen på Hønefoss, der han trefte den første kona si, Clara Brodersen, som hadde jobba der som lærer sidan 1911. Iversen jobba på Hønefoss fram til 1920, hadde utanlandsopphald i København 1913–14 og vann H.M. Kongens gullmedalje i 1917 på avhandlinga Syntaksen i Tromsø bymål. Frå 1918 gjekk han ut i delvis permisjon, då han hadde fått eit universitetsstipendiat som leidde han til ein dr.philos.-grad i 1921 på avhandlinga Bokmål og talemål i Norge 1560–1630.
Frå 1922 var han professor ved den nyoppretta Norges lærarhøgskole i Trondheim (rektor i 1936), og vart same året vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han var preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1932. Saman med Halvdan Koht, også frå Tromsø, Johan Bojer, Gustav Natvig-Pedersen, Arne Bergsgård og Martin Birkeland, sat Iversen frå 1934 i ei nemnd som la fram tilrådingar som leidde til 1938-rettskrivinga og samnorsk.[3]
I 1952 gjekk Iversen av med pensjon og fekk Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, og i 1957 fekk han Gunnerusmedaljen. I miljøet rundt Uppsala universitet var han med i Kungl. Gustav Adolfs Akademien frå 1933, Kgl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet 1952, vart æresdoktor i 1953 og med i Kgl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet frå 1959. Han fekk også den svenske Nordstjerneordenen. Iversen var også visespeidarsjef 1920 til 1945, fekk Sølvulven 1924 og Kongens fortjenstmedalje i gull i 1936 for dette, og dessutan St. Olavs Orden av type riddar og kommandør.[4] Iversen skreiv òg ei bok om speidarrørsla i Noreg.
Remove ads
Vitskaplege avhandlingar
Det første arbeidet hans, om lydverket i dialektane på Senja, hadde eit tradisjonelt filologisk emne, men der det det nordnorske senjamålet var eit verdefullt bidrag til ein dialektologi dominert av sørnorske dialektstudiar. Boka Syntaksen i Tromsø bymål var nyskapande på ein annan måte, nemleg i tematikken (syntaks), ikkje noko vanleg tema ein nordistikk dominert av språkhistorie. Norrøn grammatikk frå 1923 var derimot innafor forskingsparadigmet. Boka inneheld også ei framstilling av overgangen frå urnordisk til norrønt, og ho var den dominerande pensumboka i norrønt på nordiskstudiet til inn på 1980-talet. Også doktoravhandlinga var om eit historisk emne, frå ein lite studert periode i norsk språkhistorie, tida før og etter 1600. Han har også skrive om språk andre språkforskarar ikkje tidlegare hadde skrive om i Noreg, romanispråk (1939, 144-50) og skogfinsk (1958), avhandlingar som nettopp derfor inneheld svært viktig språkleg materiale.
Remove ads
Familie
Ragnvald Iversen gifta seg i 1915 med Clara Grace Brodersen (1878–1921) og i 1932 med Torborg Tjernström (1909–2001).
Bibliografi (utval)
- 1913: Senjen-maalet. Lydverk i hoveddrag
- 1918: Syntaksen i Tromsø bymål
- 1923: Norrøn grammatik, 1923, 7. utgåve revidert ved Eyvind Fjeld Halvorsen, 1973
- 1921: Bokmål og talemål i Norge 1560–1630 bind 1, doktoravhandling, bind 2, 1932
- 1929: Norsk stillære i grunddrag
- 1932: Hvad er speidersaken?. Oslo: Norsk speiderguttforbunds forlag.
- 1939: Lånord og lønnord hos folk og fant. Første samling, Trondheim
- 1944-50: Secret Languages in Norway, I-III
- 1958: Finsk på norsk grunn. Reliktstudier, bind 1, Trondheim, 1958
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads