Arthur Compton

amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Arthur Compton
Remove ads

Arthur Holly Compton (10. september 1892 15. mars 1962) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 «for oppdaginga av effekten som sida vart kalla opp etter han .»[1] Han delte prisen med C.T.R. Wilson, som fekk den for hans metode å gjere banene til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. [1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Compton tok filosofisk doktorgrad i 1916 og vart lærer i fysikk ved University of Michigan same år. Han var tilsett ved Westinghous lamp co. i perioden 191719 og dreiv vitskaplege studiar ved University of Cambridge i 199020. I perioden 192023 var han professor ved Washington University og frå 1923 ved University of Chicago. [2]

Compton utførte store arbeider innan ein rekkje område av fysikken, først og fremst atomfysikken. Mellom anna utførte han bølgjelengdavgjersler av harde gammastrålar. Ved å sende foton på elektron kunne han viser korleis elektrona flytta seg og at lyset hadde fått ei ny bølgjelengd. Dette vart i 1923 kjend som comptoneffekten, som seinare førte til Nobelprisen i fysikk. Compton lukkast òg med å vise at røntgenstrålene, på same måte som det vanlege lyset, kunne totalreflekterast, og han var den første som med framgang nytta diffraksjonsgitter for absorpsjon av røntgenspektrum.[2]

Compton vart i 1954 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Remove ads

Prisar (utval)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads