Vitskap i 1940
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vitskapsåret 1940 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1940.
Hendingar
- 5. januar - FM-radio vart for første gong demonstrert for amerikanske Federal Communications Commission.
- 2. februar -
- Dei første transposona vart påviste i mais av Barbara McClintock.
- Ein relébasert reknemaskin for komplekse tal (Complex Number Calculator) vart ferdigstilt ved Bell Labs i USA under leiing av George Stibitz.
- 27. februar - Den radioaktive isotopen kol-14 vart oppdaga av Martin Kamen og Sam Ruben.
- November - Tyske forskarar samla seg i München og vart samde om at relativitetsteorien er ein naudsynt del av fysikken. Dette innebar slutten for Philipp Lenards «tyske fysikk» (Deutsche Physik, 1936).
- Grunnstoffet astat vart kunstig framstilt av Corson, MacKenzie og Segre.
- McMillan og Abelson framstilte grunnstoffet neptunium kunstig, som den første transuranen.
- John Randall og Harry Boot fann opp magnetronen.
Biokjemi
- 24. august - Howard Florey og eit forskarlag med Ernst Chain, Arthur Duncan Gardner, Norman Heatley, M. Jennings, J. Orr-Ewing og G. Sanders ved Sir William Dunn School of Pathology, University of Oxford, publiserte sine laboratorieresultat som viste penicillinet sin in vivo-effekt. Dei reinsa òg legemiddelet.[1][2]
Prisvinnarar
- Brinellmedaljen: Martin Wiberg
- Copleymedaljen: Paul Langevin
- Darwinmedaljen: James Peter Hill
- Murchisonmedaljen: Arthur Holmes
- Nobelprisen: Ingen prisar vart utdelt.[3]
- Penrosemedaljen: Nelson Horatio Darton
- Polhemsprisen: Waloddi Weibull
- Sylvestermedaljen: Godfrey Harold Hardy
- Wollastonmedaljen: Henry Woods[4]
Fødde
- 27. november - Enrico Bombieri, italiensk matematikar
Døde
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.