Artisten Sigrid

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Artisten Sigrid
Remove ads

Sigrid Solbakk Raabe, kjent under artistnamnet Sigrid, (fødd 5. september 1996 i Ålesund) er ein norsk songar og låtskrivar.[1][2][3] Ho er syster av musikaren og låtskrivaren Tellef Raabe.[4]

Remove ads

Karriere

Ho vart for alvor kjend då hennar første låt, «Sun», vart kåra til Ukas Urørt på NRK i 2013.[5] Sidan dette, som òg kan karakteriserast som hennar nasjonale gjennombrot, har ho opptredd på fleire større arrangement. I januar 2014 gjorde ho ein opptreden på GullfiskenTV 2 saman med bandet sitt.[6] Ho har òg gjesta og opptredd fleire gonger på radioprogrammet ChristineNRK P3.

1. juli 2014 skreiv ho kontrakt med plateselskapet Petroleum Records, samstundes som plateselskapet annonserte at ho ville verta å sjå på fleire norske festivalar i løpet av sommaren.[7] Sommaren 2014 opptredde ho på SommaErfesten på Giske, Øyafestivalen og Jugendfest.

I november 2017 vart ho den norske vinnaren av EBBA-prisen. Prisen er ein EU-pris som vert delt ut av Europakommisjonen under festivalen Eurosonic Noorderslag og vert delt ut til artistar eller grupper frå ti ulike land som har nådd publikum utanfor sitt eige land for første gong.[8] Under P3 Gull 2017 vann ho prisen for årets nykommer og var i tillegg nominert i klassene årets liveartist og årets låt for «Don't Kill My Vibe».[9]

I 2016 signerte ho for Island Records.[10] I 2017 fekk ho internasjonal suksess med songen «Don't Kill My Vibe».[11] Same år spelte ho inn ein coverversjon av Leonard Cohens «Everybody Knows» for den amerikanske suparheltfilmen Justice League.[12]

I desember 2017 opptredde ho under Nobels Fredspriskonsert i Telenor Arena med songane «Strangers» og «Dynamite». I 2018 vart ho kåra til «årets nykommer» under Spellemannprisen 2017, og fekk dermed eit Gramo-stipend på 250 000 kronar.[13] Ho var i tillegg nominert i klassene popsolist for EP-en Don't Kill My Vibe og årets låt for «Don't Kill My Vibe».[14]

Den britiske kringskastaren BBC utropte hennar musikk som den mest spennande for året 2018 med utmerkinga «Sound of 2018».[15] Under P3 Gull 2018 vann ho prisen for årets låt for «Strangers» og var dessutan nominert i klassa årets liveartist. Saman med medkomponist og produsent Martin Sjølie vann ho Edvard-prisen 2018 i klassa populærmusikk for Don't Kill My Vibe.[16][17][18] Føre Spellemannprisen 2018 var ho nominert til tre prisar: popartist for EP-en Raw, årets musikkvideo for «Sucker Punch» og årets låt for «Strangers».[19]

Debutalbumet hennar, Sucker Punch, vart utgjeve 8. mars 2019.[20][21] Albumet debuterte på VG-lista med førsteplass, og gjekk inn på ein fjerdeplass på den britiske albumlista som vart publisert 15. mars.[22][23] Ho er den første norske kvinnelege artisten som har kome inn på den britiske albumlista.[24] Ho vart nominert til P3 Gull 2019 i klassa årets låt for «Don’t feel like crying».[25] Under Spellemannprisen 2019 vart ho kåra til årets spellemann og vann klassa popartist for Sucker Punch.[26] Før utdelinga fekk ho flest nominasjonar og var nominert i ytterlegare tre klasser: årets album og årets låtskriver for Sucker Punch og årets låt for «Don't Feel Like Crying».[27]

Remove ads

Diskografi

Thumb
På Stavernfestivalen i 2018
Foto: Tore Sætre

Album

  • Sucker Punch (2019)[20]
  • How to Let Go (2022)[28]

EP-ar

  • Don't Kill My Vibe (2017)
  • Raw (2018)[29]

Singlar

  • «Don't Kill My Vibe» (2017)
  • «Plot Twist» (2017)
  • «Everybody Knows» (2017)
  • «Strangers» (2017)
  • «High Five» (2018)
  • «Schedules» (2018)
  • «Sucker Punch» (2018)
  • «Don't Feel Like Crying» (2019)
  • «Mine Right Now» (2019)
  • «Home to you» (2019)
  • «Mirror» (2021)
  • «Burning Bridges» (2021)
  • «Home to You (This Christmas)» (2021)
  • «Head on Fire» (med Griff) (2022)
  • «It Gets Dark» (2022)
  • «Bad Life» (med Bring Me the Horizon) (2022)

Promosinglar

  • «Sun» (2013)
  • «Two Fish» (2013)
  • «Known You Forever» (2014)
  • «Dynamite» (2017)
  • «I Don't Want to Know» (2018)
  • «Focus (Demo)» (2018)
  • «Sight of You» (2019)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads