Nobels fredspriskonsert
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nobels fredspriskonsert er ein konsert som vert arrangert til ære for årets vinnar av Nobels fredspris. Han vert arrangert 11. desember, dagen etter sjølve prisutdelinga. Konserten vart i byrjinga arrangert i Oslo Spektrum, men har sidan 2015 vore halden i Telenor Arena.[1] Nobels fredspriskonsert vart fyrste gong arrangert i 1994 og har vorte halden kvart år sidan, med unntak av 1995 då det vart arrangert ein klassisk konsert.
Fleire redigerte versjonar av konserten vert laga for ulike land, med forskjellig lengd og innhald. Det er normalt eit par kjendisar som er vertar og konferansierar for konserten, etterfylgd av fleire artistnummer og ein kort tale ved prisvinnaren. Det vert også vist eitt eller to intervju med prisvinnaren, og nokon gongar ein kort film om arbeidet åt prisvinnaren. Konserten har eigne sponsorar.
Remove ads
Vertar

Foto:
Harry Wad
- Erik Bye (1994)
- Lise Fjeldstad (1996)
- Vigdís Finnbogadóttir (1997)
- Åse Kleveland (1998)
- Claus Wiese (1999)
- Jane Seymour (2000) (innbyttar for Meryl Streep)
- Liam Neeson og Meryl Streep (2001)
- Anthony Hopkins og Jessica Lange (2002)
- Catherine Zeta-Jones og Michael Douglas (2003)
- Tom Cruise og Oprah Winfrey (2004)
- Julianne Moore og Salma Hayek (2005)
- Anjelica Huston og Sharon Stone (2006)
- Uma Thurman og Kevin Spacey (Tommy Lee Jones kansellerte) (2007)
- Scarlett Johansson og Michael Caine (2008)
- Jada Pinkett Smith og Will Smith (2009)
- Anne Hathaway og Denzel Washington (2010)
- Helen Mirren og Rosario Dawson (2011)
- Sarah Jessica Parker og Gerard Butler (2012)
- Claire Danes og Aaron Eckhart (2013)
- Queen Latifah (2014)
- Jay Leno (2015)
- Conan O'Brien (2016)[2]
Kilde for vertar 1994-2015: [1]
Remove ads
Artistar

Foto:
Harry Wad

Mange norske og internasjonale artister har opptrådt ved de ulike konsertene. Mange ulike sjangrar har fått plass i konsertane. A-ha, Angélique Kidjo, Mari Boine, Martin Yates, Ole Edvard Antonsen, Robyn, Sinéad O'Connor, Sissel Kyrkjebø, Sting, Westlife og Youssou N'Dour er alle døme som har delteke på meir enn to konsertar. Krinkastingsorkesteret deltek under heile konserten, og spelar vanlegvis saman med nokre av artistane.
Remove ads
Sjåartal
Noreg
I Noreg vert Nobels fredspriskonsert send på NRK, på TV-kanalen NRK1. Sjåartalet har variert over tid og frå år til år. I 2004 hadde konserten 966 000 seere[3] og i 2009 902 000 seere,[4] medan sjåartalet året etter fall til 696 000.[4] I 2011 hadde konserten 541 000 sjåarar.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads