Asbjørn Ruud

From Wikipedia, the free encyclopedia

Asbjørn Ruud
Remove ads

Asbjørn Ruud (6. oktober 191926. mars 1989) var ein skihoppar frå Kongsberg, og yngre bror til Birger og Sigmund. Dei var alle medlemer av Kongsberg IF.

Kjappe fakta
Thumb
Asbjørn Ruud.
Remove ads

Karriere

Ruud overraska med å vinne verdsmeisterskapen 1938 i spesielt hopprenn i Lahti. Med 226,4 pong var han 0,3 poeng føre Stanislaw Marusarz frå Polen med landsmannen Hilmar Myhra på bronseplassen. I den fyrste sesongen etter verdskrigen, 1946, vann han både noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Olympiaåret 1948 vart han på ny noregsmeister og var ein av dei fire norske hopparane som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz, der han kom på sjetteplassen. Ruud vart same året tildelt Holmenkollmedaljen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1938: Gullmedalje i hopprennet under verdsmeisterskapen i Lahti
  • 1939: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1946: Siger i Holmenkollen
  • 1947: Nr 3 i Holmenkollen
  • 1948: Nr 6 i OL i St. Moritz
  • 1951: Nr 7 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Ruud arbeidde i yngre år i ei sportsforretning på Kongsberg. Seinare flytta han til Oslo, der han dreiv sportsforretning saman med brørne Øyvind og Sigmund Ruud. Asbjørn Ruud var gift med symjaren Berit Haugen.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads