Asirfjella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Asirfjella (arabisk عسير, ʿsyr) er eit fjellområde sørvest i Saudi-Arabia som går parallelt til Raudehavet. Det består av områda i Asir innanfor Saudi-Arabia, men omfattar generelt òg område nær grensa til Jemen. Fjella dekkjer eit område på kring 100 000 km² og består av fjell, sletter og dalar i dei arabaiske høglanda.[1]
Remove ads
Geologi
Fjella består hovudsakleg av sedimentære bergartar som kalkstein, sandstein og skifer frå jura, krit og paleogen over ein sokkel av prekambrisk granitt.[1]
Klima og jordbruk
Regionen har den høgaste årsmiddelnedbøren i Saudi-Arabia[treng kjelde]. I snitt varierer nedbøren frå kring 600 mm til over 1000 mm i året i våte område.[1] Dei austlege slettene og platåa får mykje mindre nedbør, frå 500 mm til mindre enn 100 mm i året.[1]
Jordbruk
Avlingar i regionen, som hovudsakleg vert dyrka i bratte, terrasserte fjellsider, og omfattar kveite, kaffi, bomull, indigo, ingefær, grønsaker og palmar. Regionen har òg kveg, sauer, geiter og kamelar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads