Assal al-Ward
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Assal al-Ward (arabisk skrift عسال الورد; òg skrive Asal el-Ward) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, nordaust for Damaskus langs grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Hillah, Hawsh Arab og al-Qutayfah i søraust, Rankus, Saidnaya, Douma og al-Tawani i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Assal al-Ward eit folketal på 5 812 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Assal al-Ward nahiyah som består av tre stader med eit samla folketal på 8 766.[1]
Remove ads
Historie
Assal al-Ward («Rosemakarane») var lenge kjend for blomsterproduksjonen. Blomane frå byen vart sende til attar-makarane i Damaskus.[2] Uhemma beiting reduserte dei ein gong store avlingane i byen på seksti til sytti kantar (hundredweight) til ein eller ein og ein halv mot slutten av 1800-talet.[2] Tidleg i 1870-åra, vart landsbyen skildra som ein «velståande stad» med ein shafi'i-muslimsk folkesetnad. Væpna menn frå landsbyen hadde kring 250 skytevåpen, leia av ein lokal leiar, Shaykh Salih. Innbyggjarar var kjend for gjestfridomen, intelligensen og viljen til å sloss.[3] I 1874 vart byen vitja av den britiske geografen sir Richard Francis Burton, og han noterte at byen var velståande, med kjølig, frisk luft og friske innbyggjarar.[2] I Quarterly Statement frå 1892, skildra Palestine Exploration Fund Assal al-Ward som «ein landsby med nokre få hundre innbyggjarar» og ei kjelde med kjølig vatn.[4]
Remove ads
Geografi
Assal al-Ward ligg på eit høgt platå som byrjar på 1600 moh mellom Qalamoun- og Anti-Libanonfjella.[5] Assal al-Ward får vatn frå fleire kjelder, og drenerer nordover til byane Jayrud og al-Nabk.[5] Skogen i området er dominert av einer (greske einer) som finst mellom 1800 til 2200 moh.[6]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads