Jayrud
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jayrud (arabisk skrift جيرود, òg skrive Jayroud og Jerud og i antikken kalla Geroda) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement. Byen ligg nordaust for Damaskus i Qalamounfjella. Av stader i nærleiken finn ein al-Ruhaybah, al-Qutayfah og Muadamiyat al-Qalamun i sørvest, Yabrud, al-Nabk og Deir Atiyah i nord og al-Qaryatayn i nordaust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde Jayrud eit folketal på 24 219 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Jayrud nahiyah som består av fire byar med eit samla folketal på 31 821.[1] Innbyggjarane i Jayrud er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Remove ads
Geografi
Byen ligg langs den gamle karavaneruta mellom Damaskus og Palmyra, på den frodige sletta Jayrud ved foten av Qalamounfjella. Landet er oppdyrka og er kjend for produksjon av kveite og bygg. Byen ligg vest for eit stort marskland kalla «al-Mallahah».[3]
Historie
I utgravingar på staden har ein funne mikrolittar, knivblad, skraper og andre steinalderreiskaper datert attende til natufisk kultur.[4]
I romersk tid vart Jayrud kalla «Geroda». Byen er nemnd i Itinerarium Antonini som vart skriven under regjeringstida til Diokletian. Her vert byen nemnd som ein av stasjonane på romarvegen mellom Palmyra og Damaskus, og låg 16 romerske mil frå Telsea (dagens Al-Dumayr).[5]
Jayrud vart vitja av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi tidleg på 1200-talet, under Ajjubide-dynastiet. Han skreiv at han var «ein landsby av Ma'loula i Damaskus ghautah.»[6]
Under osmanarane tente byen som senter i Jayrud Nahiyah, og var sete i ein agha. På 1800-talet vart byen skildra som velståande, gjestfri og «uvanleg rein.» Byen vart ofte angripen av beduinar som levde i utkanten av Den syriske ørkenen.[3]
29. juni 2016 blei over 30 menneske drepne då styresmaktene bomba byen under den syriske borgarkrigen. Dette blei sagt å vera det fyrste åtaket på byen, som var kontrollert av opposisjonen, av regimet etter ei våpenkvile på nesten to år.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


