Auberge av Chris Rea
album av Chris Rea From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Auberge (fransk for «vertshus») er det ellevte studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1991. Albumet, og tittelsongen, var knytt til bilen Caterham Super Seven, som han eigde, og som han kalla «Blue Seven». Bilen er med på omslaget, illustrert i eit oljemåleri av den kjende motorkunstnaren Alan Fearnley.[2] Fleire av songane på albumet refererer til bilen, det same gjer musikkvideoen av songen.[3] I 2005 selde Rea bilen på ein auksjon.[4] Auberge nådde toppen på albumlista i Storbritannia i 1991. Tittelsporet vart òg ein av dei største hittane hans med ein 16. plass på den britiske singellista. Andre songar som kom ut som singlar frå albumet var «Heaven», «Looking for the Summer» og «Winter Song». Ein annan song, «And You My Love», sjølv om han ikkje vart gjeven ut som singel, vart ein stor favoritt hos fansen til Rea og vart mykje spelt på konsertane hans.
Remove ads
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Chris Rea
«Winter Song» var ikkje med på den originale utgjevinga, men vart gjeven ut som ein eigen singel i november 1991. Han var med på seinare CD-utgåver.
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Medverkande
- Chris Rea - gitar, slidegitar, klassisk gitar, hammondorgel, munnspel
- Anthony Drennan - gitar, dobro
- Robert Ahwai - bass
- Max Middleton - piano, strykearrangement
- Tim Sanders - tenorsaksofon
- Simon Clarke - altsaksofon, barytonsaksofon
- J. Neil Sidwell - trombone
- Rick Taylor - trombone
- Roddy Lorimer - trompet, valthorn
- Paul Spong - trompet, valthorn
- Nick Hitchens - tuba
- Martin Ditcham - perkusjon, trommer
- Carol Kenyon - korvokal
- Linda Taylor - korvokal
- Gavyn Wright - dirigent
- The Kick Horns - blåsearrangement
Teknisk
- Jon Kelly - produsent
- John Mackswith - lydteknikar
- Justin Shirley-Smith - lydteknikar
- Russell Shaw - lydteknikar
- Willie Grimston - produksjonskoordinering
- Alan Fearnley - måleri
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads