Aud Schønemann

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Aud Schønemann
Remove ads

Aud Schønemann, eigentleg Aud Pande-Rolfsen, (13. november 192230. oktober 2006) var ein populær norsk skodespelar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Foreldra hennar var skodespelarane August Schønemann (1891–1925) og Dagmar Kristensen (1901–1987). Ho var gift med no avlidne Jan Pande-Rolfsen.

Schønemann debuterte tidleg i norsk sceneliv, men er mest kjend for rollene som Valborg i filmane om Olsenbanden og som «Modern» til Fleksnes. I seinare år spelte ho mellom anna i Fredrikssons fabrikk, saman med mellom andre Elsa Lystad og Anne Marie Ottersen.

Schønemann vann Amandaprisen sin heiderspris i 1997. Ein statue av Schønemann i ei av sine roller, laga av skulptøren Nina Sundbye, står framfor hovudinngangen til Oslo Nye Teater, avduka av ordføraren i Oslo, Fabian Stang, 21. oktober 2010.

Remove ads

Filmografi

  • 1999 Olsenbandens siste stikk Valborg
  • 1998 Nr. 13 Fru Skau
  • 1994 Fredrikssons fabrikk The Movie - Margit
  • 1984 ...men Olsenbanden var ikke død! Valborg
  • 1982 Olsenbandens aller siste kupp Valborg
  • 1981 Olsenbanden gir seg aldri! Valborg
  • 1979 Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder Valborg
  • 1979 Olsenbanden + Data Harry sprenger verdensbanken Valborg
  • 1978 Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet Valborg
  • 1976 Olsenbanden for full musikk Valborg
  • 1976 Bør Børson II Sorenskriverfruen
  • 1975 Olsenbandens siste bedrifter Valborg
  • 1975 Olsenbanden møter Kongen & Knekten Valborg
  • 1974 Den siste Fleksnes Modern
  • 1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokkkkkk Valborg
  • 1972 Fleksnes Fataliteter Modern
  • 1972 Olsenbanden tar gull Valborg
  • 1971 Norske byggeklosser Bankopplysningsdame
  • 1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry Valborg
  • 1970 Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe... Lilly Hansen
  • 1969 Olsenbanden Valborg
  • 1966 Hurra for Andersens Hildur Sofie f. Evensen
  • 1963 Elskere
  • 1961 Sønner av Norge Drabantbyborger
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads