Artisten AURORA

norsk songar, låtskrivar og plateprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Artisten AURORA
Remove ads

Aurora Aksnes (fødd 15. juni 1996 i Stavanger)[2] er ein norsk songar og låtskrivar frå Os[2] kjend under artistnamnet AURORA. Ho er signert til plateselskapa Decca Records, Glassnote Records og Petroleum Records.[3]

Musikken hennar er ein kombinasjon av elektropop, folkemusikk og art pop; som vokalist har ho vorte beskriven som «eterisk». Ho spelte berre piano i byrjinga av karrieren, men seinare har ho også vore ansvarleg for perkusjon og andre aspekt ved musikkproduksjon. I tillegg til soloarbeidet har Aurora samarbeidd med og vore medlåtskrivar av songar for andre artistar, inkludert Askjell, Sub Urban, Sondre Lerche, Tom Odell og Chemical Brothers. I 2022 jobba Aurora saman med filmkomponisten Hans Zimmer, og gav vokalarbeid til Frozen Planet II-lydsporet.[4] Saman framførte dei «Take Me Back Home» i Royal Albert Hall som ein del av BBC sine Earth Proms.[5]

Remove ads

Karriere

Thumb
Aurora Aksnes under Way Back When Festival i Tyskland i 2015.
Thumb
Aurora Aksnes på Stavernfestivalen i 2018.
Foto: Tore Sætre
Thumb
Aurora på Sentrum Scene 22. mars 2019.
Foto: Stian Schløsser Møller

Aurora vart i 2014 nominert som årets nykomar i P3 Gull.[6] Den 6. november 2015 gav ho ut singelen «Half the World Away», som er ein coverlåt av ein Oasis-song frå 1994. Singelen nådde ellevteplass på den britiske singellista. Den 11. desember 2015 framførte ho tre songar på Nobels fredspriskonsertTelenor Arena; «Murder Song (5, 4, 3, 2, 1)», «Half the World Away» og «Runaway». Under Spellemannprisen 2015 vart ho kåra til årets nykomar og fekk dimed Gramostipendet på 250 000 kroner.[7] Ho var dessutan nominert under klassa årets låt for «Running with the Wolves».[8] Songen hennar «Conqueror» var med i det populære fotball-videospelet FIFA 16.[9] I januar 2016 vart ho av Rolling Stone lista som éin av ti nye artistar ein burde kjenna til.[10]

Den 11. mars 2016 vart debutalbumet hennar, All My Demons Greeting Me as a Friend, gjeve ut. For albumet vann ho Spellemannprisen 2016 i klassa popsolist, og vann i tillegg klassa årets musikkvideo for videoen «I Went Too Far» regissert av Arni & Kinski. Albumet var dessutan nominert til årets album.[11]

Det andre studioalbumet til Aurora, Infections of a Different Kind (Step 1), vart gjeve ut den 28. september 2018 og var planlagt som del éin av ein serie. Det andre albumet i serien, A Different Kind of Human (Step 2), vart gjeve ut den 7. juni 2019.[12] Ho vart nominert til Spellemannprisen 2018 i klassa årets musikkvideo for videoen «Queendom» frå Infections of a Different Kind (Step 1), regissert av Kinga Burza.[13]

I november 2019 vart filmmusikken til animasjonsfilmen Frost 2 av Disney gjeven ut, der Aurora tok del med bakgrunnsvokal på låten «Into the Unknown».[14] Ho stod også for stemma til The Voice i filmen. Låten vert sunge av stemmeskodespelar Idina Menzel. I den norske versjonen av filmen er låten omsett til «I ukjent land» og er sunge av Lisa Stokke. Oscarakademiet kunngjorde den 20. januar 2020 at låten var nominert i kategorien Beste originalmusikk.[15] Den 23. januar 2020 vart det kjent at Aurora og Idina Menzel skulle framføra låten under den 92. Oscarutdelinga som fann stad den 9. februar 2020.[16] Etter framvisinga på prisseremonien fekk Aurora gode tilbakemeldingar frå internasjonal presse.[17][18] Under Spellemannprisen 2021 vann ho klassa for årets internasjonale suksess.[19]

I januar 2022 gav ho ut sitt tredje album, The Gods We Can Touch. Ho fekk P3-prisen under P3 Gull 2022 og fekk tre nominasjonar ved Spellemannprisen 2022 for albumet og låten «A Temporary High».[20][21]

7. juni 2024 gav ho ut sitt fjerde album, What Happened to the Heart?. Ho fekk to nominasjonar under Spellemannprisen 2024 for kategoriane årets utgiving og alternativ pop for albumet.[22]

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon År, Album ...

EP-ar

Meir informasjon År, EP-ar ...

Singlar

  • «Puppet» (2012)
  • «Awakening» (2013)
  • «Under Stars» (2014)
  • «Runaway» (2015)
  • «Running with the Wolves» (2016)
  • «Murder Song (5, 4, 3, 2, 1)» (2015)
  • «Half the World Away» (2015)
  • «Conqueror» (2016)
  • «Warrior» (2016)
  • «I Went Too Far»
  • «Queendom» (2018)
  • «Forgotten Love» (2018)
  • «Animal» (2019)
  • «The Seed» (2019)
  • «The River» (2019)
  • «A Different Kind of Human» (2019)
  • «Apple Tree» (2019)
  • «Exist for Love» (2020)
  • «Cure for Me» (2021)
  • «Giving In to the Love» (2021)
  • «Paramour» (2021)
    (Sub Urban med Aurora)
  • «Heathens» (2021)
  • «A Dangerous Thing» (2022)
  • «A Temporary High» (2022)
  • «The Woman I Am» (2022)
  • «Storm» (2022)
    (med Wu Qing-feng)
  • «The Devil is Human» (2022)
  • «A Potion for Love» (2022)
  • «Your Blood» (2023)
  • «The Conflict of the Mind» (2024)
  • «Some Type of Skin» (2024)
  • «Animal Soul» (2024)
  • «Limousine» (2024)
    (Bring Me the Horizon med Aurora)
  • «Starvation» (2024)
  • «Some Type of Skin» (2025)
    (med Atarashii Gakko)
  • «The Flood» (2025)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads