Aust-Anatolia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aust-Anatolia
Remove ads

Aust-Anatolia (tyrkisk Doğu Anadolu Bölgesi ) er ein av sju regionar i Tyrkia og består av dei austlegaste provinsane i landet.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Regionen og namnet Doğu Anadolu Bölgesi vart først definert av Den første geografikongressen i 1941. Regionen har den høgaste gjennomsnittshøgda i Tyrkia, er størst i utstrekning og har lågast folketettleik av alle regionane i Tyrkia. Ein del av regionen vart tidlegare kalla Det armenske høglandet, eller berre Armenia.[1][2]

Aust-Anatolia ligg heilt aust i Tyrkia og grensar til Sentral-Anatolia i vest, Svartehavsregionen i nord, Søraust-Anatolia og Irak i sør og Iran, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia i aust.

Regionen dekkjer 171 061 km², 21% av det totale arealet til Tyrkia. Det bur totalt kring 6,1 millionar innbyggjarar i regionen.

Remove ads

Provinsar

Thumb
Aust-Anatolia.

Geografi

Gjennomsnitthøgda i regionen er 2200 meter med store sletter, platå og massiv. Det er noko vulkansk aktivitet i regionen. Det høgaste fjellet i Tyrkia, Ararat, ligg i denne regionen. Det same gjer dei andre vulkanane Nemrut, Süphan og Tendürek. Den største innsjøen i Tyrkia, Vansjøen, ligg òg i regionen.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads