Austgulelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Austgulelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho kjem frå Galteskardet sørvest for Taklevatnet og renn mot vest til Austgulvatnet. Derfrå renn ho i sørvestleg, seinare vestleg, retning til ho munnar ut i Austgulfjorden ved Austgulen. Mellom Austgulvatnet og fjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Fv3 går langs heile vassdraget. Elva er 3,9 km lang, og har eit nedbørfelt9,1 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,12 m³/s.[1]

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Fiske

I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Austgulelva negativt påverka av sur nedbør på siste halvdelen av 1900-talet. Elva har gode gytetilhøve for sjøørret, men bestanden vart i løpet av 1980-talet redusert, og vart i 1990 rekna som «tynn».[2] For å bøte på skadane vart det i 1992-94 gjennomført bekkekalking med skjellsand ved Austgulvatnet. Prøvefiske i 1996 viste ei viss betring i tilhøva, og det vart funne fisk frå dei yngste årsklassene.[3] I 1998 hadde Austgulvatnet ein svært tett bestand av aure, med god rekruttering og høg tettleik av ynglar ved innløpet.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads