Taklevatnet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Taklevatnet er ein innsjø i Gulen kommune i Vestland. Den ligg på 291,5 moh.[1] Vatnet har eit areal på 0,58 km² og drenerer eit nedbørfelt på 3,07 km².[2] Taklevatnet er regulert og er hovudmagasin for Takle kraftverk. Høgaste regulerte vasstand er 294,2 meter over havet, og lågaste regulerte vasstand er 288,4 moh. Magasinvolumet er 3,5 millionar m³.
Vatnet er blant dei største innsjøane i Gulen kommune. Det er omgjeve av bjørkeskog og lynghei. Dei grunnaste partia ligg i sørenden, og her fanst dei beste fiskeplassane i tida før vatnet vart regulert i 1942. Før utbygginga hadde vatnet òg ei strandsone med grus og sand, men denne er vorte vaska bort etter at vatnet har vore regulert i så lang tid.[3]
Remove ads
Fiske
Før Takle kraftverk vart bygd i 1942 hadde Taklevatnet eit godt aurefiske, men etter reguleringa har fisket gått gradvis tilbake. Det siste året det vart rapportert fiskefangst var i 1985, og i 1990 vart vatnet rekna for fisketomt. Ei viktig årsak er at reguleringa har hindra fisken i å kome seg fram til gytebekkane. I tillegg til effekten av reguleringa meiner ein òg at sur nedbør har bidrege til at aurebestanden er borte.[3]
I seinare år har det vore sett ut fisk i vatnet, men enno i 2004 var tettleiken av aure relativt låg.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads