Avaldsnes idrettslag

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Avaldsnes Idrettslag (skipa 16. juni 1937) er eit idrettslag frå AvaldsnesKarmøy. Medlemstalet per 31. desember 2012 var 818. Klubben held til ved Avaldsnes Idrettssenter, og spelar heimekampane på «Skeie», også kalla «Nye bana».

Kjappe fakta Fullt namn, Kort namn ...

Idrettsanlegget på Skeie, som ligg 1 km vest for riksveg 47 ved Avaldsnes sentrum, inneheld følgjande: to store grasbaner, éi stor kunstgrasbane med flomlys, to grasløkker (fire 7'ar-baner), éi grusløkke med flaumlys, to klubbhus, éin ballbinge og éin sandvolleyballbane.

AIL har både fotball- og handballavdeling, samt ei avdeling for born; Idrettsskolen, og ei avdeling for ski/trim. Idrettsskolen har 200 born i alderen 5-10 år, medan ski/trim har tre aktive utøvarar i langrenn (Einar Vikingstad, med fleire VM-gull i klassen over 50 år) og 40 aktive i trimgrupper.

Remove ads

Fotball

Fotballavdelinga har i sesongen 2013 24 lag, med totalt ca. 250 aktive spelarar, trenarar og leiarar og med damenes elitelag som flaggskip.

Damer Elite

Elitelaget spelar i Toppserien f.o.m. sesongen 2013 etter å ha rykka opp med ein klår siger i 1. divisjon i 2012. Dei er det første laget frå Karmøy som har spela i den øvste divisjonen. I 2013 vart laget nummer 4 i Toppserien og tok seg heilt fram til cupfinalen, der dei tapte mot Stabæk.

Cecilie Pedersen er den mest kjende spelaren på laget og har fleire landskampar på A-landslaget, inkludert EM i Finland i 2009. I tillegg har laget etter opprykket i 2012-sesongen henta fleire gode utanlandske spelarar, deriblant tre brasilianske landslagsspelarar, med eit mål om å etablere seg i Toppserien.[1]

Spelarstall

Endra 17. august 2020[2]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Meir informasjon Nr., Posisjon ...

Menn

A-laget spelar i 4. divisjon etter å ha rykka ned frå 3. divisjon i 2012. Før dette hadde laget spela i 3. divisjon frå 2005 til 2010, og i 4. divisjon sesongen 2011.

Remove ads

Handball

Handballavdelinga, som held til i HåvikhallenHåvik, har 22 lag med ca. 300 aktive spelarar, leiarar og trenarar.

Kjende utøvarar

  • Cecilie Pedersen, fotball
  • Rosana dos Santos Augusto Rosana

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads